DEN NORSKE KYRKJA
Kyrkja i Hå
  Søk
9. september 2010 ..:: Varhaug ::..   Logg inn
Varhaug Minimer
 
Været Minimer
 

 
Nyheter frå Varhaug kyrkje Minimer
     
 
Varhaug Minimer

 

 

Varhaug kyrkje

 

  

Varhaug kyrkje vart bygd på Odland i 1904 etter teikningar av Hartvig Sverdrup Eckhof.

Kyrkjestaden i Varhaug var, og hadde i uminneleg tid vore, ved sjøen på garden Varhaug. Dette var geografisk eit hjørne av soknet, og på slutten av 1800 talet kom det fram ynskje om å flytta kyrkja til ein meir sentral stad. Første gong ein ser saka omtala i kommunestyredokument er 11. desember 1888.

Av ting som er tekne med frå den gamle kyrkja, kan me nemna altertavla, preikestolen og døypefonten.

 

 Altertavla er frå 1609, og er laga av Thomas Snekker. Peter Reimers har måla henne. Altertavla er restaurert i 1939. Preikestolen er laga av Tallak Gudmestad og teikna av Linstow. Døypefonten er og teikna av Linstow, og den er laga av Torger Husveg. Noko kyrkjesølv, ei lita lysekrone og nokre lysestakar kjem og frå den gamle kyrkja.

Sundagsskulesangen
 
Vers 1:
På Varhaug og Vigrest me trivest godt
Me har det så godt her på Jæren
Der skapte Gud strender og sol så flott
Me takkar og gjev han æren.
 
Vers 2:
Her i kyrkja er mange rom
No sit eg her på stolen
Ein liten stund er plassen min tom
No vil eg på sundagsskulen!
 
Refreng:
Kom, bli med, ja kom, bli med
Til sundagsskulen me går
Der er det godt å vera
og læra om Jesus min beste ven
Kom, skund deg, skund deg bli med!  2x

Klikk her for å høyra melodien

Varhaug kyrkje
har besøksadresse
Kyrkjevegen 220, Varhaug

Ligg langs fylkesvegen mellom Varhaug og Vigrestad.
Klikk på linken under, og du får opp kart frå Gule Sider som viser kor kyrkja ligg.

Varhaug kapell
ligg på Varhaug gamle kyrkjegard ved sjøen på garden Varhaug. Det er skilta frå rv. 44 (Gml. krk. gard)
Kapellet har adresse Sør-Varhaug 41, Varhaug

Klikk på linken under, og du får opp kart frå Gule Sider som viser kor kapellet ligg.

Hå kyrkjekontor
har besøksadresse
Store Ring 53, Nærbø
Kontoret held til i underetasjen i Nærbø (nye) kyrkje, - inngang frå baksida av bygget.

Klikk på linken under, og du får opp kart frå Gule Sider som viser kor kyrkja ligg.

 

 
Copyright 2007 by Duplo Data AS