Vedtekter for kyrkjegardane i Hå
Gjeld frå 1. januar 2007
VEDTEKTER FOR KYRKJEGARDANE I HÅ
"Jfr. lov av 7 juni 1996 nr. 32 om kirkegårder, kremasjon og gravferd § 21."
Vedtekne i Hå kyrkjelege fellesråd
Godkjent av Stavanger bispedømmeråd .
§ 1. KYRKJEGARDSTILHØYRING.
Avlidne personar i kommunen kan gravleggjast på den kyrkjegarden i kommunen som ein måtte ynskje dersom dei ikkje vert gravlagde i ein annan kommune.
Dette gjeld og om den avlidne på grunn av sjukdom eller alderdom har budd i eit anna sokn eller i ei anna kommune mot slutten av livet.
Rett til grav på Varhaug gamle kyrkjegard har dei som bur i området kring kyrkjegarden, eller har ei nær tilknyting til kyrkjegarden. I heilt spesielle høve kan fellesrådet etter søknad gje løyve til gravlegging av andre personar. Fellesrådet vil vera svært varsam med å imøtekoma slike søknader.
§ 2. FREDINGSTID OG FESTETID.
Fredingstid for oskeurner er 20 år.
Fredingstid for kister er 60 år.
Festetida er 10 år.
§ 3. FESTE AV GRAV.
Når kistegrav vert teke i bruk, er det høve til å feste ei grav ved sida av, og etter godkjenning frå kyrkjeleg fellesråd, for ei ekstra grav i tillegg når det er bruk for det. Desse gravene utgjer då ein gravstad.
Ved bruk av urnegrav kan ein ikkje feste grav ved sida av.
Når festetida er ute, kan gravstaden festast for nye 10 år. Når det er gått 80 år etter siste gravlegging kan festet ikkje fornyast utan særskild samtykke frå kyrkjeleg fellesråd. I god tid før festetida er ute skal festaren varslast. Er festet ikkje fornya innan 6 månader, fell gravstaden tilbake til kyrkjegarden.
Ingen kan gravleggjast i festa gravstad utan samtykkje frå festaren. Dersom festaren sitt samtykkje ikkje kan innhentast, kan kyrkjeleg fellesråd avgjera spørsmålet om gravlegging. Festaren pliktar å melde ifrå om endring av adresse.
§ 4. GRAV OG GRAVMINNE.
Kyrkjegardsbetjeninga vil syte for planering og tilsåing av grava etter gravlegging. Gravminne kan ikkje setjast opp tidlegare enn 1 månad etter gravlegging av kiste. I mellomtida set kyrkjegarden opp eit merke med namnet til den avlidne.
På ny festa gravstad set ein opp gravminne i bakkant av den grava som er teken i bruk. Gravminnet vert ståande der for godt.
Fester pliktar å melda frå om endring av adresse.
§ 5. PLANTEFELT.
Framfor gravminnet er det høve til å opparbeide eit plantefelt i høgd med bakken rundt.
Kantstein omkring plantefelt, dvs. minst tre rette steinstykke som blir lagt/sett på tre sider av plantefeltet eller liggjande plate framfor gravminnet, skal flukte med terrenget omkring.
I fallande terreng skal kantstein og plate trappast i forhold fundamentet til gravminnet. Plate og fundament skal ikkje vera same stykke.
Heil eller delt plate, med eller utan hol til planter, skal leggjast i drenerande masse og være 4 - 8 cm tjukk. Avstand frå plantehol til ytterkant av plate skal være minst 8 cm.
Heil eller delt plate skal ha same lengde som fundamentet til gravminnet, og bredde inntil 65 cm, målt frå bakkant av fundamentet.
Ved montering av heil eller delt plate, med eller utan hol til planter, skal eigar gjennom avtale med kyrkjeleg fellesråd påta seg ansvar for skader påført ved vanlig drift og vedlikehald av kyrkjegarden.
Det er ikkje høve til å bruke faste dekorting, så som liggjande plater, blomsterurner, lykter m.v. utafor plantefeltet. Lause dekorting skal fjernast etter bruk.
Det kan ikkje plantast vokstrar som er høgare enn gravminnet eller går ut over plantefeltet
Dersom det ikkje er aktuelt å ha plantefelt, skal det vera grasbakke på alle sider av gravminnet.
§ 6. PLANTETILFANG.
Planter, kransar og liknande tilfang som vert nytta ved gravferd eller ved pynting av grav, og som endar som avfall, skal vera heilt komposterbart.
§ 7. STELL AV GRAV.
Den som er ansvarleg for frigrav eller er gravfestar har rett og plikt til å stelle den grava han har ansvaret for. Plantefelt som ikkje vert tilplanta og stelt skal tilsåast av den ansvarlege eller av kyrkjegardsbetjeninga.
Kyrkjeleg fellesråd kan syte for årleg planting på grav mot betaling.
§ 8. GRAVLEGAT.
Mot innbetaling av ein bestemt sum til eit gravlegat, vil kyrkjeleg fellesråd overta ansvar for planting og stell av gravstaden. Det skal i kvart einskild høve opprettast legatavtale. Den innbetalte summen med tillegg av renter skal dekkja utgiftene til vanleg planting og stell av gravstaden i ei fastsett tid. Gravlegatet vert forvalta av fellesrådet sin daglege leiar og kommunekassen, og vert revidert av kommunerevisjonen.
Gravlegat kan ikkje opprettast slik at det varer lenger enn den fredingstida eller festetida som ligg føre. Dersom det oppstår slike økonomiske forhold i legattida at midlane ikkje rekk til, skal legatstyraren gje melding om dette til den som er ansvarleg, eller til festaren. Det er då høve til å auke legatet slik at det rekk tida ut. Vert det ikkje auka, vil stellet av grava ta slutt når midlane er brukte opp. Dersom der er midlar att av legatet når tida er ute, kan dei brukast av kyrkjeleg fellesråd til å gjera kyrkjegarden finare.
Gravlegata vert forvalta i fellesskap, men legatstyraren fører eigen rekneskap med årleg revisjon for kvart legat. Der er høve til å rekne provisjon for administrasjon og revisjon av legatmidla.
§ 9. BÅREROM.
Kyrkjeleg fellesråd disponerer bårerom. Slike rom skal berre nyttast til å ta vare på avlidne i tida fram til gravferda. Ingen har tilgjenge utan etter løyve. Liksyning kan berre gjerast etter samtykkje frå den som syter for gravferda og vedkjem ikkje dei tilsette.
§ 10. NÆRINGSVERKSEMD.
Næringsdrivande som ynskjer å driva verksemd på kyrkjegarden skal ha løyve frå kyrkjeleg fellesråd. Løyvet kan kallast tilbake dersom vedkomande ikkje retter seg etter dei reglane som gjeld. Slik verksemd kan berre omfatte montering og vedlikehald av gravminne, og planting og stell av graver.
Utdrag av ”Forskrift til gravferdsloven”.
Kapittel III. Gravminner
§ 20 Merking av grav
På fri grav som ikke er anonym grav og på festet grav og gravsted kan det plasseres gravminne. Med gravminne forstås minnesmerke med navn og data på den gravlagte. Det skal som regel bare plasseres ett gravminne på hvert gravsted.
Andre minnesmerker enn gravminner kan bare plasseres på kirkegård dersom bispedømmerådet gir samtykke til det.
Fester av grav eller ansvarlig for fri grav er eier av vedkommende gravminne.
§ 21. Tekst m.m.
Tekst, fotografi, dekor og symbolbruk på gravminne skal være sømmelig, og det navn som settes på skal være identisk med navnet på den som er gravlagt. Personer som er omkommet på havet, i krig eller liknende og som ikke er gravlagt på kirkegård, kan likevel få navnet satt på eksisterende eller nytt gravminne.
Kirkelig fellesråd kan gi tillatelse til at navn på person påføres gravminne på en eksisterende grav et annet sted enn der vedkommende er gravlagt. Navnet må da fjernes fra det opprinnelige gravminnet.
Eieren skal besørge fjerning av gravminne fra grav som ikke festes. Dersom kirkegårdsmyndighetene fjerner gravminne, skal navn og data tas bort.
§ 22. Kvalitet
Til gravminne og fast tilbehør kan bare anvendes materialer som er bestandige og lite vedlikeholdskrevende. Det skal tåle de påkjenninger det utsettes for av klimaet og ved vanlig drift og vedlikehold av kirkegården.
§ 23. Dimensjoner
Gravminne skal ikke være høyere enn 150 cm, bredere enn 85 cm og tykkere enn 60 cm, begrenset slik at største høyde x største bredde x største tykkelse ikke overstiger 0,2 m3 og vekten ikke overstiger 300 kg.
På graver mindre enn 2,4 x 1,2 m skal gravminne ikke være høyere enn 80 cm, bredere enn 75 cm og tykkere enn 60 cm, begrenset slik at største høyde x største bredde x største tykkelse ikke overstiger 0,1 m3 og vekten ikke overstiger 150 kg.
Når særlige grunner tilsier det, kan bispedømmerådet fravike bestemmelsene i denne paragraf.
§ 24. Sikring
Stående gravminne i stein skal festes til fundament i stein med to 15 cm lange og 12 mm tykke syrefaste bolter.
Fundament skal ha en form og en størrelse som forhindrer at gravminnet kan veltes og skal i bunnen ha en anleggsflate som er dobbelt så bred som gravminnets tykkelse. Gravminne som er mer enn 60 cm høyt skal ha en fundamentdybde som utgjør minst 20% av gravminnets høyde over bakken. Fundament skal ikke være synlig over bakken.
Når særlige grunner tilsier det, kan kirkelig fellesråd skjerpe eller lempe kravene etter denne paragrafen.
§ 25. Godkjenning
Kirkelig fellesråd skal godkjenne gravminne og fundament før det settes opp på kirkegården. Gravminne skal monteres på anvist plass.
§ 26. Ansvar
Eieren er ansvarlig for at gravminne ikke er i forfall, til sjenanse eller til fare for dem som ferdes på kirkegården. Når fellesrådet finner det nødvendig, skal eieren varsles med pålegg om å bringe gravminnet i overensstemmelse med de krav som er stilt i forskrift og vedtekter. Dersom eieren unnlater å etterkomme slikt pålegg eller det er uvisst hvor eieren befinner seg, kan fellesrådet sette i verk tiltak som er nødvendig for å bringe gravminnet i orden, herunder fjerne gravminnet.