BARNEDÅP i høgmesse eller i andre gudstenester
1 Før gudstenesta byrjar, tek foreldre og fadrar plass i kyrkja bortsett frå den som skal bera barnet.
2 Barnet vert bore inn i kyrkja. Èin person kan følgja den som ber barnet.
3 Klokkaren eller ein annan representant for kyrkjelyden kan føra dåpsfølgjet inn i kyrkja. Denne kan bera dåpskanna og setja kanna i døypefonten.
4 Dåpsfølgjet tek plass som vanleg på staden.
5 Medan dei ber barnet inn, vert det framført høveleg instrumental- eller vokalmusikk.
6 Ledd 2 Dåpssalme kan syngjast før ledd 1, etter at barnet er bore inn.
7 Dåpsluva skal takast av før dei ber barnet fram til døypefonten.
8 Ved dåpshandlinga er det berre førenamnet til barnet/borna som skal nemnast, utan mellomnamn eller slektsnamn, men det fulle namnet vert teke med i kunngjeringane i gudstenesta.
9 Liturgen ber stola i fargen for tida i kyrkjeåret.
10 Denne ordninga for barnedåp skal òg nyttast når dåpen kjem like etter gudstenesta.
1 Inngang
Anten
frå lesepulten eller ein annan stad i koret, vend mot kyrkjelyden
Liturg
I namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande.
Eller B
frå lesepulten eller ein annan stad i koret, vend mot kyrkjelyden
Liturg
Kjære kyrkjelyd
Nåde vere med dykk og fred frå Gud, vår Far, og Herren Jesus Kristus.
Ein nyttar det alternativet som ikkje vart nytta då gudstenesta tok til.
Liturg
Kyrkjelyden skal i dag ta imot dette barnet i Guds hus. Ved dåpen vil Gud gje han del i si frelse og ta han inn i si kristne kyrkje.
Liturgen kan deretter halda ein kort tale, som eventuelt sluttar med Joh 3,16.
Eventuelt kan ein nytta berre dette skriftordet.
Liturg
For så elska Gud verda at han gav Son sin, den einborne, så kvar den som trur på han, ikkje skal gå fortapt, men ha evig liv.
Joh 3,16
2 Dåpssalme
3 Føresegna om dåpen
Liturg
Lat oss høyra vår Herre Jesu Kristi føresegn om den heilage dåpen:
Eg har fått all makt i himmelen og på jorda. Gå difor ut og gjer alle folkeslag til læresveinar, med di de døyper dei til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, og lærer dei å halda alt det som eg har bode dykk. Og sjå, eg er med dykk alle dagar så lenge verda står.
.Matt 28,18-20
Lat oss høyra kor venleg Jesus tek imot borna og lét opp Guds rike for dei:
Dei bar småborn til Jesus for at han skulle røra ved dei; men læresveinane ville visa dei bort. Då Jesus såg det, vart han harm og sa til dei: ”Lat småborna koma til meg og hindra dei ikkje; for Guds rike høyrer slike til. Sanneleg, det seier eg dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det”. Så tok han dei i fanget, la hendene på dei og velsigna dei.
Mark 10,13-16
Med takk og tru ber då vi borna våre til Herren i den heilage dåpen. Dei er fødde med menneskeslekta si synd og skuld, men i dåpen vert dei Guds born, fødde på nytt ved Den Heilage Ande.
4 Dåpsskyldnaden
Liturg
Vil foreldre og fadrar reisa seg.
Liturg
De som i dag ber dette barnet til Kristus, skal vera vitne om at han er døypt til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande. Saman med denne kyrkjelyden og heile vår kyrkje får de del i eit heilagt ansvar: å be for barnet, læra han sjølv å be, og hjelpa han til å bruka Guds ord og Herrens nattverd, for at han kan verta verande hjå Kristus når han veks opp, liksom han ved dåpen vert sameint med han.
Foreldra og fadrane vert ståande.
5 Forsakinga og trua
Liturg
Lat oss vedkjennast forsakinga og trua som vi døyper borna våre til.
Kyrkjelyden reiser seg.
Alle
Eg forsakar djevelen
og alle hans gjerningar
og alt hans vesen
Eg trur på Gud Fader, den allmektige,
som skapte himmel og jord.
Eg trur på Jesus Kristus,
Guds einborne Son, vår Herre,
som vart avla ved Den Heilage Ande,
fødd av Maria møy,
pint under Pontius Pilatus,
vart krossfest, døydde og vart gravlagd
fór ned til dødsriket,
stod opp frå dei døde tredje dagen,
fór opp til himmelen,
sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader
skal koma att derifrå og døma levande og døde.
Eg trur på Den Heilage Ande,
ei heilag, allmenn kyrkje,
eit samfunn av dei heilage,
forlating for syndene,
oppstoda av lekamen
og evige liv.
Amen.
Den apostoliske truvedkjenninga
Alle setter seg.
6 Dåpshandlinga
Vatnet vert slege opp i døypefonten.
Liturg
ved døypefonten
Lat oss be.
Herre Jesus Kristus, du har sagt at ingen kan koma inn i Guds rike utan at han vert fødd på nytt av vatn og Ande. Vi takkar deg fordi dåpsvatnet ved ditt ord er ei nådekjelde, der du sameinar oss med deg, og gjev oss del i den siger du vann då du døydde og stod opp. No kjem vi på ditt ord og bed deg, Herre, lat den nye fødsel koma ved din skapande Ande.
Barnet (om det er fleire: kvart barn for seg) vert bore fram til døypefonten.
Foreldra og fadrane reiser seg.
Der tilhøva gjer det naturleg, kan foreldra og fadrane gå fram til døypefonten.
Liturg
Kva heiter barnet?
Den som ber barnet, seier førenamnet.
Liturg
Vil de at (førenamnet til barnet) skal døypast til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande, og oppsedast i den kristne forsaking og tru?
Den som ber barnet, svarar:
Ja.
Liturg
Gud vare din utgang og din inngang frå no og til evig tid. Eg signar deg med det heilage krossmerket, + til vitnemål om at du skal høyra den krossfeste og oppstadne Jesus Kristus til og tru på han.
Krossmerket vert slege frå panne til bryst, og deretter frå side til side.
Liturg
Etter vår Herre Jesu Kristi ord og føresegn døyper eg deg til namnet åt Faderen og Sonen og Den Heilage Ande.
Medan dette vert sagt, auser liturgen med handa vatn over hovudet til barnet tre gonger.
Liturg
legg handa på hovudet til barnet og seier:
Den allmektige Gud har no gjeve deg sin Heilage Ande, gjort deg til sitt barn og teke deg inn i sin truande kyrkjelyd. Han styrkje deg med sin nåde til det evige liv.
Fred vere med deg.
7 Lovprising og bøn
Når alle er døypte, seier liturgen frå lesepulten eller ein annan stad i koret:
Liturg
Lova vere Gud, vår Herre Jesu Kristi Far, han som i si store miskunn har atterfødt oss til ei levande von ved Jesu Kristi oppstode frå dei døde!
1 Pet 1,3
Liturg
Lat oss saman be Herrens bøn.
Alle
Fader vår, du som er i himmelen!
Lat namnet ditt helgast.
Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda så som i himmelen.
Gjev oss i dag vårt daglege brød.
Forlat oss vår skuld,
som vi òg forlét våre skuldmenn.
Før oss ikkje ut i freisting,
men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt,
og makta og æra i all æve.
Amen.
8 Salme
Når det er nattverd, vert dette Salme før nattverden. Når det ikkje er nattverd, vert dette Slutningssalme.
Når dåpen kjem like etter gudstenesta, kan liturgen etter lovprisinga “Lova vere Gud” be denne kollektbøna:
Liturg
Lat oss takka og be.
Herre Gud, Far i himmelen, du har lova at du vil vera Gud for oss og for borna våre og visa di miskunn mot slekt etter slekt. Vi takkar deg for at du tek imot oss i den heilage dåpen alt medan vi er born, og der gjev oss forlating for syndene, liv og sæle. Vi bed deg, hjelp oss å strida den gode striden, fullføra laupet og halda fast ved trua, og før oss fram til det evige livet, ved Son din, Jesus Kristus, vår Herre.
Liturg
Lat oss saman be Herrens bøn.
Alle
Fader vår, du som er i himmelen!
Lat namnet ditt helgast.
Lat riket ditt koma.
Lat viljen din råda på jorda så som i himmelen.
Gjev oss i dag vårt daglege brød.
Forlat oss vår skuld,
som vi òg forlét våre skuldmenn.
Før oss ikkje ut i freisting,
men frels oss frå det vonde.
For riket er ditt,
og makta og æra i all æve.
Amen.
Dåpshandlinga sluttar då med
8 Salme